English version

Du er her » Bevarekteskapet
tips en venn
utskrift

Ekteskapslovgjeving i barnets perspektiv

Når forslaget til ny ekteskapslov kjem opp i Stortinget 11.juni, er det i hovudsak fire lover som må endrast: ekteskapslova, barnelova, adopsjonslova og bioteknologilova. Der har i seinare tid vore mykje engasjement, rundt forslaget til ny ekteskapslov. Me har høyrt mindre om bioteknologilova. Einskilde stortingsrepresentantar har sagt at dei vil stemma mot retten til assistert befruktning for lesbiske par, men det ser likevel ut for at også dette lovforslaget vil få fleirtal.

Kronikk av Wenche Haugen Havrevoll

 

Som aktiv medlem i Amnesty International i over 20 år, har det forundra meg at det har vore så stille, også frå Amnesty si side, om det brotet med barnekonvensjonen som eit slikt vedtak er. Barnekonvensjonen, vedteken i Dei sameinte nasjonar (SN) i 1989, blei ratifisert av Noreg i 1991 og inkorporert i norsk lov i 2003. I flg Lov om styrking av menneskerettighetenes stilling i norsk rett, (Menneskerettsloven), 1999, skal barnekonvensjonen ha forrang ved motstrid mellom konvensjonen og anna lovgjeving. Barnet som sjølvstendig individ med eigne rettar har slik fått ei sterk stilling i norsk lov, og politikarane må sjå til at dei ikkje handlar i strid med gjeldande rett.

I barnekonvensjonen § 7.1 heiter det:

"Barnet skal registreres umiddelbart etter fødselen og skal fra fødselen ha rett til et navn, rett til å erverve et statsborgerskap, og, så langt det er mulig, rett til å kjenne sine foreldre og få omsorg fra dem."

I Ot.prp. nr. 33, lagt fram av Barne- og likestillingsdepartementet og godkjent i Statsråd, mars 2008, har dei teke ganske lett på denne paragrafen, men på s.11 innrømmer dei i det minste at det her er snakk om biologiske foreldre, og dei innrømmer at det her er rom for tolking.

 

"Bortsett fra art. 7, som blant annet gjelder retten til å kjenne sine biologiske foreldre, omtales ikke biologiske foreldre særskilt, og det skilles ikke etter foreldrenes kjønn. Barnekonvensjonen legger til grunn et vidt familiebegrep. Men av dette alene kan det ikke sluttes at manglende likestilling av barn med likekjønnede foreldre vil være diskriminering. I lys av den ulike holdningen som finnes til dette spørsmålet i alle de land som har ratifisert konvensjonen, er det vanskelig å tenke seg at den generelt skal tolkes slik at ulikheter på dette området vil være å anse som diskriminering etter konvensjonen. Hva som rammes av forbudet kan likevel avhenge av holdningen i det enkelte land."

 

Ein må vel kunna seia at dette ikkje akkurat er klår tale. På den eine sida anerkjenner ein barnet, altså barnet og ikkje den myndige 18-åringen, sin rett til å kjenna sine biologiske foreldre og få omsorg frå dei. På den andre sida "skilles det ikke etter foreldrenes kjønn". Kva skal dette bety? Biologiske foreldre inkluderer alltid begge kjønn. Kva er det ein her vil tåkeleggja? At einkvar unge faktisk har ei biologisk mor og ein biologisk far? Eit vidt familieomgrep kan aldri inkludera meir enn eitt sett biologiske foreldre. Alle barn som kjem under norsk lovgjeving skal gjennom barnekonvensjonen vera sikra retten til, så langt det er mogleg, å kjenna desse, sine eigne, biologiske foreldre og få omsorg frå dei.

Det å hindra barn frå å kjenna sitt biologiske opphav, vil såleis vera brot på norsk lov, og brot på SN sin barnekonvensjon, som elles er ratifisert av 192 land.

Ja, dette får og konsekvensar for retten til assistert befruktning med ukjent donor for heterofile par. At lova om assistert befruktning for heterofile par fekk forholdsvis lita merksemd, kjem m.a. av at barnet fekk veksa opp med foreldre av begge kjønn. Det nye nå er at ein også tek frå barnet denne retten. Ein logisk følgje er at også lova om assistert befruktning for heterofile par må endrast om ein ikkje skal bryta med barnekonvensjonen. Heller ikkje for heterofile er det ein menneskerett å få barn.

Det prinsipielle i denne saka er at Stortinget gjennom lova tek frå ungar retten til å bli kjent med den eine av sine biologiske foreldre. Det får konsekvensar for barnet, men og for andre. Om "barnet", i vaksen alder, vil oppsøkja sin biologiske far, kan det oppstå situasjonar som kan vera vanskelege å takla ikkje berre for "barnet", men og for andre nære biologiske familiemedlemmer. I flg. lovforslaget har barnet ingen rettar overfor sin biologiske far, men korleis skal ein som t.d. bestemor forholda seg, om ein får nokre nye barnebarn, inntil seks i flg. lovforslaget, om eins eigen son ikkje vil ha kontakt? Kva etiske plikter vil ei biologisk bestemor ha om ho blir oppsøkt av eit barnebarn?

USA har ikkje ratifisert barnekonvensjonen. Der har ein heller ikkje noka lov som anerkjenner barnet sin rett til å få vita kven som er biologiske foreldre. Donorar blir ikkje registrert slik at barna seinare kan oppsøkja dei. Der er mange ukjende halvsysken, særleg ettersom der heller ikkje er krav om kor mange ungar ein donor kan få. Resultatet er at der er tusenvis av unge og vaksne som er på leit etter sitt eige opphav. Mange greier det ved hjelp av internett, men mange greier det ikkje. Mange får vanskar i livet pga denne mangelen i lovverket.

Mindretalet i Bioteknologinemnda, 6 av 16, si innstilling til lovforslaget sa at: "Prinsippet om likebehandling gjør at man ikke kan diskutere spørsmålet om sæddonasjon til lesbiske uten å også ta hensyn til at et naturlig neste skritt vil være å vurdere å hjelpe homofile menn til å få barn."

Lovforslaget i denne omgang er steg nr to, av fleire. Talet på barn som vil bli ramma, vil auka, fordi det eine vil følgja logisk på det andre. Og kvart steg vil føra med seg nye problemstillingar. Surrogatmødre er ennå hjå oss eit nokså fjernt fenomen. Men me ser alle at det ikkje er dei velberga kvinnene som kjem til å stilla seg til disposisjon for mennene.

Her er eit vell av utfordringar, etiske, religiøse, praktiske. Teknifisering og tingleggjering av grunnleggjande sider ved menneskelivet, det å setja eit barn til verda, er noko dei fleste vil unngå. Men med det hastverket som politikarane har i denne saka, kan dette fort bli resultatet.

Å sjå menneskerettar i barnet sitt perspektiv er historisk sett nokså nytt, og det let til at det ikkje har gått opp for verken byråkratar eller politikarar at eksisterande norsk lov faktisk krev nettopp det.

Kronikken er tidligere publisert i Stavanger Aftenblad, Dag og Tid, Klassekampen.og Nationen.

Oppdatert: 16.06.2008 21:17
av Carina Grelland Harsem



Utviklet av Renommé Communication