English version

Du er her » Bevarekteskapet
tips en venn
utskrift

Ekteskap er ikkje kjønnsnøytralt

Erling Johannes Husabø

Forslaget om å gjera ekteskapet "kjønnsnøytralt" byggjer på eit overflatisk syn på ekteskapsretten. Dette skriver professor i rettsvitenskap ved Universitetet i Bergen, Erling Johannes Husabø, i denne kronikken som ble publisert i Aftenposten i mai 2006.

Forslaget om å gjera ekteskapet "kjønnsnøytralt" byggjer på eit overflatisk syn på ekteskapsretten. Det overser ekteskapets rolle som kulturell institusjon, og basis i naturgitte vilkår. Det vil ta bort ekteskapets identitetsbærande element.

To representantar frå Sosialistisk Venstreparti føreslo i mars 2004 å endra ekteskapslova slik at "kjønnsnøytraliteten legges inn som ett av premissene for ekteskapslovgivningen". Dei ønskjer at ekteskapslova skal regulera både heterofilt og homofilt samliv, og at partnarskapslova vert oppheva. Forslaget fekk i første omgang berre SV sine stemmer. Men sidan den tid har både SV, Ap. og Venstre programfesta å gjera ekteskapslova kjønnsnøytral.

Hovudargumentet i SV sitt forslag er likestilling av samlivsformene. Det blir hevda at den noverande todelte lovgivinga er i strid med "ikke-diskrimineringsprinsippet". Eit anna argument er at samfunnet bør laga trygge rammer for samliv, og at også homofile som er glade i kvarandre bør få "markere dette gjennom ekteskap" (May Hansen, Odelstinget 18.11.04). Dessutan har debatten fokusert mykje på om homofile par skal kunna adoptera barn. Dette er det mest iaugefallande området der reglane er ulike for ektefellar og homofile partnarar. Difor blir innføring av ei kjønnsnøytral ekteskapslov sett på som eit middel til å gi homofile generell adopsjonsrett, eller som ein naturleg konsekvens av ei likestilling når det gjeld adopsjon.

Ekteskapet som funksjon og institusjon.

Om homofile partnarar skal kunna få adoptera barn, er i seg sjølv eit viktig spørsmål. Men når adopsjonsspørsmålet og kjønnsnøytralisering av ekteskapet til dels vert drøfta som ei og den same problemstillinga, er det uttrykk for eit overflatisk syn på ekteskapsretten. Dette kjem også til uttrykk i forslaget frå SV, der det vert framheva at "ekteskapet i den betydning som skal behandles her, er ikke et religiøst eller filosofisk begrep, men en sivilrettslig anordning som defineres, og har vært definert av lovgiver". Tankegangen synes å vera at ekteskapet er summen av dei enkelte juridiske rettane og pliktene som lovgivinga gir ektefellane, korkje meir eller mindre. Eit slikt syn på ekteskapet kan nok fungera når ein skal gi juridiske studentar ei innføring i lovgivinga. Men for politikarar som skal vurdera lovendringar er det ei farleg forenkling.

At ekteskapet er noko meir enn enkeltreglane, viser seg i det som lova ikkje seier, men likevel føreset. I SV-forslaget blir det med ei viss undring konstatert at teksten i ekteskapslova allereie i dag er "kjønnsnøytral". Forklaringa er at ingen, før nyleg, har kome på tanken om noko anna enn at ekteskapet gjeld samliv mellom mann og kvinne. Det står heller ikkje i lova at ektefellane skal ha seksuell omgang med kvarandre, men plikta til å opplysa på førehand om eventuell kjønnssjukdom viser at dette vert føresett. At ektefellen utan vidare vert rekna som far til kvinna sine barn, viser at barn vert sett på som ei sannsynleg og naturleg frukt av ekteskapet. Og sjølv om utruskap ikkje lenger vert særskilt nemnt som skilsmissegrunn, står forventninga om truskap framleis sterkt i folkelivet. Alt dette illustrerer at ekteskapet ikkje berre er ein funksjon av ekteskapslova sine enkeltreglar, men ein kulturell institusjon med eit djupare meiningsinnhald enn lova kan romma.

 

Ekteskapet som markering

Argumentet om at også homofile bør kunna få del i den markeringa som ekteskapet representerer, gir berre meining fordi ekteskapet har denne typen kulturell meirverdi. Formelt sett gir partnerskapslova nemleg dei same rettane og pliktene partane imellom som ekteskapet. Men eit ekteskap er omgitt av ein eigen aura av tradisjon og kjensler, både i den enkelte familie og i samfunnet generelt. Særleg i høgtidelege stunder, slik som ved inngåing av ekteskap, er det noko opphøgd, nærast heilagt over institusjonen. I si mest nasjonalromantiske form, der brura rir bunadskledd til kyrkje, er det ein kjærleikens kroningsseremoni vi er vitne til. Og når faren fører brura fram til brudgommen, symboliserer det at to slekter vert knytte saman. Det må vera noko av denne stasen og statusen dei homofile som ønskjer å inngå ekteskap vil ha del i.

Spørsmålet om å gjera ekteskapslova kjønnsnøytral må drøftast i dette breiare lyset, der ekteskapet blir forstått som ein sentral del av (retts)kulturen vår. Ei side av saka er om det er behov for ei ytterlegare ritualisering av homofilt samliv. Eit anna og like viktig spørsmål er kva det vil kunna gjera med ekteskapet som kulturell institusjon å ta bort den inntil no sjølvsagde føresetnaden om kjønnspolaritet.

Religion og fornuft

At religiøse grupper engasjerer seg i debatten, er fullt forståeleg. Når ein, som i kristendomen, jødedomen og islam, ser på ekteskapet som ei Guds ordning for mann og kvinne, vil det vera eit svik mot nesten sin om ein ikkje også arbeider politisk for å verna om ordninga. På den andre sida må ikkje spørsmålet om kjønnsnøytrale ekteskap reduserast til eit trusspørsmål. Som andre delar av rettskulturen vår er ekteskapet som institusjon blitt forma i eit samspel mellom ulike kulturimpulsar, både religiøse, filosofiske og meir pragmatiske omsyn. Det sentrale spørsmålet, som alle kan ta del i drøftinga av, er difor om det er fornuftig å reservera ekteskapet for samliv mellom mann og kvinne.

Ekteskapets naturgitte føresetnader

Eit viktig aspekt i denne debatten er forholdet mellom kultur og natur. Mykje av kulturen vår avspeglar naturgitte føresetnader i landet eller landsdelen. "Kystkulturen" er til dømes ein annan enn kulturen i ei innlandsbygd fordi dei naturgitte forholda for næringsliv og sosialt samkvem har vore annleis. På same måten er det vanskeleg å forstå at ekteskapet til alle tider, og i dei fleste kulturar, har vore reservert for samlivet mellom ein mann og ei kvinne, utan å sjå dette i lys av naturens orden. Det vanlege er at mann og kvinne søkjer saman, at det kan bli barn av det, og at barna treng foreldra rundt seg. Slik sett er ekteskapet ei kultivering av eit stykke natur, som hjelper oss til å leva fornuftig saman.

I eit homofilt parforhold er dei naturgitte føresetnadene annleis. Sjølv om den seksuelle tiltrekninga er til stades, kan det ikkje bli barn av det. Og sjølv om partane har eller får barn på andre måtar, vil ikkje den homofile familien ha den kjønnspolariteten som kjenneteiknar eit ekteskap. Dette vert kanskje ikkje opplevd som noko problem for homofile som ønskjer å gifta seg. Men problemet er at ei "avkjønning" tek bort det identitetsbærande elementet i ekteskapet som kulturell institusjon. Dette vil vera eit ran frå dei som i dag lever i ekteskap og frå dei som i framtida ønskjer ekteskapet som ramme rundt samlivet mellom mann og kvinne. Det vil vera å ta "sjela" ut av konseptet.

Diskriminering?

I kampen for dei homofile sine rettar framhevar ein gjerne det naturlege ved ei homofil legning. Men då bør ein samtidig erkjenna dei naturgitte skilnadene mellom homofilt og heterofilt samliv. Desse skilnadene gjer det heilt misvisande å omtala homofile sin manglande tilgang til ekteskapet som ei diskriminering. Diskriminering dreier seg om å ikkje visa respekt for ulikskapar, og gjera skilnader mellom grupper som det ikkje er sakleg grunnlag for. I dagens samfunn har homofile eit godt rettsleg vern mot hets og diskriminering, og partnerskapslova gir ei tilsvarande rettsleg ordning av fellesskapet mellom dei to som ekteskapslova. Om ein gir homofile par tilgang til ekteskapet som institusjon, er det snarare tale om ei "omvendt diskriminering", der ein likestiller det ulike. Det er uklok politikk.

Oppdatert: 18.11.2007 23:02
av Carina Grelland Harsem



Utviklet av Renommé Communication