English version

Du er her » Bevarekteskapet » FORSIDEN
tips en venn
utskrift

Feiar omsynet til barn under teppet

Erling Johannes Husabø
Erling Johannes Husabø professor i rettsvitskap, UiB, medlem av Bioteknologinemnda

Forklaringa på den dårlege resepten for ny ekteskapslov er einsidig fokus på dei homofile.

IFØLGJE REGJERINGA er ekteskapet i dagens form diskriminerande. Den første skilnaden på partnarskap og ekteskap er reint språkleg. Men det er ikkje diskriminerande at heterofile par har eitt namn på parforholdet sitt, og homofile eit anna. I så fall vil det vera like urettferdig at heterofile par ikkje (formelt) får kalla sitt forhold for partnarskap. Den språklege nyanseringa refererer seg dessutan til faktiske skilnader som det ikkje er mogeleg å dekka over. Det talar for seg sjølv at departementet allereie i tittelen på høyringsnotatet som varslar ny ekteskapslov, lanserer eit nytt ordpar: «likekjønnede og ulikekjønnede par».

DEN ANDRE SKILNADEN er rituell. Formularet for inngåing av partnarskap er i dag mykje likt det borgarlege ekteskapsritualet. Departementet har dessutan fullmakt til å endra begge rituala, om dei vil. Det er difor ikkje her problemet ligg, men i ordninga med vigselsrett for Den norske kyrkja og andre trussamfunn. Eit homofilt par kan ikkje inngå partnarskap i eit trussamfunn.

Denne forskjellsbehandlinga ønskjer departementet å løysa ved å gi trussamfunn rett til å stå for vigsel av homofile. Det synest som ein gjerne også ville ha pålagt dei dette, men det vil strida mot religionsfridomen. I praksis vil det avgjerande dermed bli om det trussamfunnet ein høyrer til er villig til å via homofile eller ikkje. Sidan ein kvar står fritt til å velja religion, er det rettferdig nok. Men det er ingen logikk i at ein må omdefinera ekteskapet for å gi trussamfunn rett til å stå for inngåing av partnarskap. Det er nok å endra forskrifta til partnarskapslova, eventuelt lova sjølv.

 

DEI TRE SISTE PUNKTA på departementet si liste har alle med barn å gjera. Her er vi ved den verkelege skilnaden mellom einkjønna og tokjønna samliv: Eit par av same kjønn kan ikkje få barn. Dette ønskjer departementet å bøta på gjennom adopsjon og (for kvinner) assistert befruktning, med tilhøyrande foreldreskap. Men det er ikkje menneskeskapt forskjellsbehandling ein her reiser seg mot, det er naturen si eiga diskriminering.

Departementet hevdar rett nok at det å tilby assistert befruktning til lesbiske par vil føra til «likebehandling, og dermed likestilling, mellom heterofile og homofile kvinner som lever i stabile parforhold». Men her likestiller ein to ulike situasjonar. Ei kvinne som har valt å leva saman med ein mann, har ei naturleg forventning om å bli med barn. Eit lesbisk par veit at samlivet ikkje kan bera frukt. Noko anna er at lengselen etter å få eigne barn kan vera like stor, liksom hjå mange einslege kvinner (og menn).

IVEREN ETTER Å imøtekoma slike vaksenbehov har gjort departementet einaugde i høve til den svakaste parten, barnet. Ved assistert befruktning til lesbiske vil lovverket ta frå barnet ein kvar kjennskap til og kontakt med den biologiske faren inntil barnet fyller 18 år. Dessutan fråtek ein barnet høvet til å veksa opp med ein far. Dette vil utgjera ei systematisk forskjellsbehandling i høve til alle andre barn. Til samanlikning stiller samfunnet opp med DNA-test der farskapen er usikker, og legg til rette for bidragsplikt og samværsrett dersom far ikkje kan ha fullt foreldreansvar. Ifølgje barnekonvensjonen artikkel sju har eit barn «så langt det er mulig, rett til å kjenne sine foreldre og få omsorg fra dem». Det er symptomatisk at departementet berre nemner denne regelen i ei bisetning.

FAKTA

  • Regjeringa ønskjer å «tilrettelegge for størst mulig grad av likhet mellom par av ulike kjønn og likekjønn for å fjerne den forskjellsbehandling som dagens ordning med ekteskap og partnerskap innbærer».
  • Departementet peikar på følgjande skilnader: «Etter gjeldende rett refererer ulikhetene mellom registrert partnerskap og ekteskap først og fremst til betegnelsen ekteskap og til selve vigselen.
    Videre er registrerte partnere unntatt fra viktige rettsvirkninger som felles adopsjon, assistert befruktning og foreldreskap».


Dersom ein ønskjer å tilby assistert befruktning til lesbiske par, er det i alle høve bioteknologilova som må endrast. At også sambuande lesbiske par skal få rett til kunstig befruktning, illustrerer at forslaget ikkje har nokon nødvendig samanheng med ekteskapslova.

SPØRSMÅLET OM homofile par skal få rett til å adoptera (framande) barn, må vurderast ut frå kva som er barnets beste. Difor er det berre diskriminerande å seia nei til slik adopsjon dersom ein meiner at kjønnspolaritet hjå foreldra er utan verdi for barnet sin oppvekst. Men korleis kan ein vita det sikkert? Uansett blir vilkåra for adopsjon regulert i adopsjonslova. Ei omdefinering av ekteskapet er også her eit unødvendig grep.

I KJØLVATNET AV FORSLAGET om å oppheva partnarskapslova drøftar departementet kva ein skal gjera med dei som alt har inngått partnarskap. Skal deira samlivsform framleis heita partnarskap eller skal ein «konvertera» dei til ekteskap? Departementet går inn for det siste. Denne løysinga er det sikkert ikkje så mange som vil protestera på, for dersom ekteskapet vert fråteke kjønnspolariteten som kjenneteikn, er det i realiteten som eit partnarskap å rekna.

Det eigentlege problemet med konvertering går den andre vegen. Dagens 844.000 ekteskap vil med eit pennestrøk bli gjort om til ein kjønnsnøytral storleik. Det vil ikkje vera nok for fru Hansen å svara legen at ja, ho er gift. Ho må leggja til «med ein mann» eller «med ei kvinne». Også det borgarlege vigselritualet skal for framtida vera kjønnsnøytralt, ifølgje departementet. Her passar Nina Karin Monsen sine ord (Klassekampen 16.06.07): «Alle får fjernet kjønnet ved anledningen.»

BARNE- OG likestillingsdepartementet ropar om ei forskjellsbehandling som ikkje er der, og feiar omsynet til barnet under teppet. Uansett er det ei unødvendig og uheldig løysing å kjønnsnøytralisera ekteskapet. Forklaringa på den dårlege resepten er einsidig fokus på dei homofile. Problemstillinga har vore «om det er behov for å operere med en egen sivilstand for likekjønnede par». Dersom ein i staden tek utgangspunkt i den noverande rettstilstanden, og drøftar om det (framleis) er behov for operera med ein eigen sivilstand for «ulikekjønna» par, vil ein få fram heilt andre omsyn og andre svar. Det bør vera ei prioritert oppgåve for den nye statsråden, som også skal vera barna sin minister.

Oppdatert: 29.02.2008 17:20
av Carina Grelland Harsem



Imaker publiseringsløsning © 1997-2007 Imaker AS